Brekke - Høgabu - Vaksdal

Fellestur

Fra dato
10. august kl. 08:00
Til dato
11. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hyttetur, Barnefamilietur
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Bli med på overnattingstur til Bergen og Hordaland turlag si eldste hytte, Høgabu. Hytta vart bygd i 1937, men er oppgradert gjennom åra og har god standard. Hytta ligg fint til på oppsida av Tjørnadalsvatnet omlag 900 moh., med flott utsyn mot Trollskardet mot sørøst og Bukkafjellet bak. I Tjørnadalsvatnet er det  gode muligheter for både bading og fiske. På turen får du oppleve dei fantastiske Bergsdals- og Vaksdalfjella

Oppmøtestad: Brekkeflaten i Bergsdalen laurdag 10. september kl 1130. Det kan vere greitt å ordne skyss hit, då turen vert avslutta på Vaksdal. Ved avtale kan ein eventuelt møte på Vaksdal stasjon kl 1030. Herifrå vert det organisert skyss til Brekkeflaten.

Dag1: Turen startar på Brekke. Ein går ca 2 km og drøye 300 høgdemeter opp til Brekkestorhaugen på 763 moh. Ved Klingetjørni kjem ein inn på t-merka sti og følgjer denne vidare oppover til ein er på nesten 1000 moh. Dei siste 500 metrane fram til hytta går slakt nedover. Dag 1 går ein totalt omlag 5 km og har ca 500 høydemeter oppstigning. Vi reknar med å bruke mellom 2,5 og 3 timar på turen.

På Høgabu er det reserverte sengeplass til alle som er med. Hugs laken- eller sovepose. Frå matlageret på hytta ordnar vi felles middag som er inkludert i prisen. Dersom vêrtilhøva er gode, og ein har litt energi att, anbefaler vi ein kveldstur til Liabukken eller Bergsbukken for ein spektakulær solnedgang. Herifrå har ein vakkert skue heilt ut i horisonten.


Dag 2: Godt utkvilte startar vi med felles frukost. Knekkebrød, pålegg, havregraut, kaffi og te finn ein på hytta. Dersom ein ynskjer annan brødmat, må kva ta dette med sjølv. Etter utvask av hytta går turen vidare frå Høgabu til Vaksdal. Her følgjer ein godt merka t-sti i nydelig turterreng. Etter 3,6 km og 200 høydemeter nedstigning kjem ein til Herfangsvatnet. Her må ein krysse elva før ein fortsett turen langs vatnet. Vi passerer ein fantastisk badekulp og tar ein god kvil her dersom vi har vêrgudane med oss. Frå Herfangsvatnet er det ei stigning på knappe 100 høgdemeter og ca 1,5 km fram til Vardatjørnane. Herifrå er det nedstigning til Buhellervatnet og vidare ned i Budalen før ein etter 4,2 km og  420 meter nedstigning kjem ned i Herfindalen. Frå Høgabu til Herfindalen er det kring 10 km, og vi reknar å bruke 4-5 timar med rolig gange. Eventuell bading og andre pausar kjem i tillegg.

Frå Herfindalen er det 6 km grus- og asfaltveg ned til Vaksdal. På denne strekninga bruker ein ca 1 time til ein er på togstasjonen.

Mat: Alle må ha med niste til turen første dag. Middag fredag og frukost laurdag er inkludert i prisen, men dersom du ynskjer fersk brødmat, må dette takast med av kvar enkelt. Snop og snacks tar ein med etter ynskje.

Bekledning:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Tynn vindjakke og turbukse
  • Ullundertøy + ekstra skift
  • Sokker med mye ull + ekstra skift
  • Fleecejakke eller tjukk ullgenser
  • Lue og votter (helst ull)
  • Fjellsko og gjerne gamasjer
  • Shorts og t-skjorte viss varmt vêr

Anna utstyr:

  • Ryggsekk med god passform og passeleg volum
  • Vanntette pakkeposer eller regntrekk til sekken
  • Laken- eller sovepose
  • Nødvendige toalettsaker og eit lite handklede
  • Solbriller og solkrem
  • Hovudlykt
  • Vannflaske og evt termos
  • Medlemskort i DNT

Prisar: Vaksen 500,-/ 700,- (medlem/ikkje medlem). Ungdom 13-18 350,-/450,- Barn 200,-/ 300,-

Brekke - Høgabu - Vaksdal

Bli med på overnattingstur til Bergen og Hordaland turlag si eldste hytte, Høgabu. Hytta vart bygd i 1937, men er oppgradert gjennom åra og har god standard. Hytta ligg fint til på oppsida ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elizabeth Gjessing
  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen