Familietur til Fitjavatnet

Fellestur

Dato
5. mai kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Familietur
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Ein lett og fint tur i variert skogsterreng frå Langhelle til Nordvikastølen ved Fitjavatnet i Samanger kommune. Stølen ligg idyllisk til ved vatnet, og her vert det bål som ein kan grille på og leikar og konkurransar for alle.

Oppmøte ved parkeringsplassen ved slutten av asfaltert veg på Langhelle kl 11.00. Her i frå fylgjer vi asfaltert veg ca 500 meter før vi tar av på stien gjennom granskogen og videre gjennom lyng og myrlent terreng. Total stigning heile turen er på omlag 200 meter, og turen er omlag 2 km ein veg. På vegen håpar vi å finne rumpetroll i myrene.

Framme på Nordvikastølen tar vi ein god rast. Vi lagar vi bål i grua og dei som vil kan grille pølser eller det ein måtte ynskje. Turlaget stiller med pinnebrøddeig til alle. På den fine slette mellomstøshusa og vatnet lagar vi til leikar og konkurransar for både små og store.

Hugs klede og sko etter vêret - vel møtt!

Familietur til Fitjavatnet

Ein lett og fint tur i variert skogsterreng frå Langhelle til Nordvikastølen ved Fitjavatnet i Samanger kommune. Stølen ligg idyllisk til ved vatnet, og her vert det bål som ein ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elizabeth Gjessing
  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen