Frå Fossmark til Helle

Fellestur

Dato
15. juni kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Bli med på tur fra fjord til fjell via gamle stølar og vakre fiskvatn.

Oppmøtestad: Bussholdeplass Fossmark nord. Få parkeringsmuligheiter. Ver merksam på trafikken.
Oppmøtetid: kl. 10.00
Avreise: Frå Bergen busstasjon går Nor-way bussekspress linje NW162 med avgang klokka 09.10. Frå Voss togstasjon går tog klokka 08.33 til Vaksdal. Gå frå stasjonen opp til haldeplass ved E16 og ta buss retning Voss NW162 klokka 09.55. Ta kontakt ved behov for skyss.

Stien startar nokre meter nord for holdeplassen på Fossmark ved ei merka grind. Herifrå går turen på god sti opp ei bratt li til Fossmarksætra vel 600 moh. Stølen ligg vakkert til ved Kraksåvatnet, og det høver godt med ein pust i bakken her før vi går vidare mot Flatafjellet og Flatavasshaugen (782 moh). Her er vi på snaufjellet med flott utsikt over blånane mot Bergsdalen og heilt ut i havet. Turen går no vidare slakt nedover til idylliske Vatnastølen og langs elva ned til Hellesætra. Frå Tjørnamyra er siste etappe ein småkupert sti ned til Helle. Heile turen er på omlag 10 km og kring 800 meter stigning, og ein må rekne å bruke omlag 5-6 timar. Turen er ikkje spesielt krevjande, men ein må vere i høveleg god turform.

 

Frå Fossmark til Helle

Bli med på tur fra fjord til fjell via gamle stølar og vakre fiskvatn. Oppmøtestad: Bussholdeplass Fossmark nord. Få parkeringsmuligheiter. Ver merksam på trafikken. Oppmøtetid: kl. 10.00 Avreise: Frå Bergen busstasjon går Nor-way bussekspress ...

Kontaktinformasjon:

  • Roger Sandvik
  • Tlf. 48174500

Turledere:

  • Ingrid Kilskar Næss
  • Roger Sandvik