Øvrafjellsvegen i Eksingedalen

Fellestur

Dato
25. august kl. 11:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Bli med å gå den gamle ferdavegen frå øvre Eksingedalen! Denne stien nytta folka frå øvre delen av Eksingedalen for å komma seg ut i verda: Til Brekkhus og Evanger – og vidare til Voss eller Bergen.

Oppmøtestad: På det høgaste punktet av fjellvegen over Nesheimsfjellet, Fv 313 mellom Brekkhus og Nesheim, ved skiltet for kommunegrensa mellom Voss og Vaksdal

Oppmøtetidspunkt: kl 11.00

Turen går om Vinningsleitet og bratt opp Reinsgrøvene til Krossaleitet. Etter ein god halvtime er ein oppe, og herifrå er turen lett å gå. Ein følgjer Øvrafjellsvegen innover mot Eksestølen – og deretter stølsvegen ned til Ekse. 

Turen tek 4 – 5 timar. Frå Ekse vert det organisert skyss attende til bilane.

NB! Vi jobber med å få til eit overnattingstilbod i Eksingedalen fra 24.-25. august, slik at ein kan vere med på begge turane denne helga

Øvrafjellsvegen i Eksingedalen

Bli med å gå den gamle ferdavegen frå øvre Eksingedalen! Denne stien nytta folka frå øvre delen av Eksingedalen for å komma seg ut i verda: Til Brekkhus og Evanger ...

Kontaktinformasjon:

  • LIv Anne Bergo
  • Tlf. 97653458

Turledere:

  • Liv Anne Bergo
  • Anna Sveinungsdotter Bergo