Opning Breidablik

Fellestur

Dato
30. juni kl. 08:45 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Kvam Turlag , Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Velkomen til offisiel opning av nye Breidablik søndag 30. juni kl 1300!

Vaksdal Turlag arrangerer fellestur frå Hamlagrøosen til Breidablik. Oppmøte like nedom parkeringsplassen ved Hamlagrøosen kl 0845. Avgang kl 0900. Vi går t-merka sti (vintertraséen) fram til Solheimdalsvatnet. Herfra går det bratt opp Glyntabakkane, på toppen er det berre nokre hundre meter bort til eventyrriket. Vi har som mål å nå opninga på Breidablik kl 13, så turen går i relativt høgt tempo utan lange pausar undervegs. Turen er på omlag 10 km ein veg, og i overkant av 600 meter stigning. Ta gjerne kontakt dersom du har lyst å vere med, men lurer på om turen er for krevjande for deg.

Du må ha med godt med mat for ein heil dag i fjellet. Vêret skiftar fort i området, og ein må ha med ekstra varm genser, lue og vottar uansett vêr ved avgang. Regntøy anbefalast enten å ha på eller i sekken. Gode sko er nødvendig.

Kl 1300: Offisiell opning av nye Breidablik med taler og underhaldning. Det vert servert småmat, kaffi, kjeks og saft i tunet eller i hytta ved ruskevêr

Opning Breidablik

Velkomen til offisiel opning av nye Breidablik søndag 30. juni kl 1300! Vaksdal Turlag arrangerer fellestur frå Hamlagrøosen til Breidablik. Oppmøte like nedom parkeringsplassen ved Hamlagrøosen kl 0845. Avgang kl ...

Kontaktinformasjon: