Avlyst Skikurs: Kurs i telemarkteknikk

Kurs

Fra dato
25. januar kl. 10:00
Til dato
26. januar kl. 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Kurs, Skikurs, Telemark,
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst på grunn av sjukdom

Dette er kurset for deg som ønsker ei innføring i telemarksving-teknikken. Vi øver inn grunnleggande telemarksteknikk i alpinbakke. Teknikken er for øvrig godt eigna til køyring i laussnø utanfor løypene. Kurset vert halde i Myrkdalen Fjellandsby, vel ein time køyring frå Dale stasjon.

Program

Laurdag
Vi køyrer saman i privatbilar frå Dale stasjon kl. 8:45. 

Kursstart kl. 10:00. Retur kl. 15:45.
Fokus på utstyr, balanse og svingteknikk, bruk av heis for å øve svingteknikk.

Merk at opningstidene er 9:30 - 15:30 i Myrkdalen!

Søndag
Vi køyrer saman i privatbilar frå Dale stasjon kl. 8:45. 

Kursstart kl. 10:00. Retur kl. 15:45.
Fokus på svingteknikk, bruk av heis for å øve svingteknikk.


Fagleg innhald

Det blir to dagar med fokus på grunnleggande svingteknikk: plogsving, trykk på riktig ski, balanse og kropps-rørsle. Det blir gode pausar og eit lett og ledig opplegg som er tilpassa kursdeltakarane. Det er viktig at grunnteknikken er på plass, så kan ein øve både på tur og i bakken. Kan hende vi tar turen ut i laussnøen om forholda er fine!

Generell informasjon

Kursdatoar:
25. og 26.januar 2020
 

Pris
Kr 1000,-.
Ikkje-medlemstillegg kr 700. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem. Prisen inkluderer instruksjon, men ikkje heiskort.

Betaling seinast ved påmeldingsfrist 11. januar 2020 til Vaksdal Turlag, kontonr 3633.55.21948

Forkunnskapar
Kurset passar spesielt for dei som har kort eller inga erfaring med telemarksteknikken, eller vil bli betre i svingteknikk generelt.

Utstyr
Telemarkski og -sko. Fortrinnsvis gode ski, og stive støvlar. Fjellski med 75 mm tåbinding og stødige støvlar kan også nyttast), hjelm, liten ryggsekk med nødvendig mat, drikke og klebytte. Ta kontakt med Myrkdalen Fjellandsby for evt. leige av telemarksutstyr. Obs! Husk varme klede!

Instruktør

Ingrid Lydvo


Spørsmål
Arrangøren kontaktar kvar enkelt eit par dagar før kurset for å avklare praktiske detaljar.

Har du spørsmål kring kurset ta kontakt med Hilde Orten på hilde.orten@gmail.com

Generelle vilkår: Sjå generelle vilkår

(skikurs)

Skikurs: Kurs i telemarkteknikk

Dette er kurset for deg som ønsker ei innføring i telemarksving-teknikken. Vi øver inn grunnleggande telemarksteknikk i alpinbakke. Teknikken er for øvrig godt eigna til køyring i laussnø utanfor løypene. Kurset vert ...

Kontaktinformasjon: