Kom deg ut-dagen i Bergsdalen

Arrangement

Dato
2. februar 2020 kl. 11:00
Passer for
Alle
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Søndag 2. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i skileikeanlegget på Lid i Bergsdalen!

Kom deg ut-dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 2. februar er det klart for vinterutgåva. Vaksdal Turlag skiåar til arrangement for tredje gong både på Lid i Bergsdalen og på Nesheim i Eksingedalen. På ein og samme dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar.

- Kom deg ut-dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko, seier leiar i Vaksdal Turlag, Arild Soltvedt.

Endeleg har det kome snø, så alt ligg til rette for ein flott utedag, om du vil gå på ski i dei nypreparerte løypene, ake i akebakkane eller berre nyte ei sosial stund. Det vert laga til ein rebus med spørsmål for både små og store, og det vert grillar tilgjengelege for dei som vil kose seg med varme pølser.

Hjarteleg velkomne!

Kom deg ut-dagen i Bergsdalen

Søndag 2. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i skileikeanlegget på Lid i Bergsdalen! Kom deg ut-dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 2. februar er ...

Kontaktinformasjon:

  • Maren Hesjedal Thorkildsen
  • Tlf. 92049856