Langs veglause gardar ved Sognefjorden

Fellestur

Fra dato
9. mai kl. 11:00
Til dato
10. mai kl. 16:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Overnatting
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Ortnevik  - Sylvarnes

Fin vårtur på gamle ferdselsvegar forbi veglause garder langs Sognefjorden mellom Ortnevik og Sylvarnes. Overnatting i det gamle skulehuset på Sylvarnes.

Oppmøte: Ortnevik ferjekai
Oppmøtetidspunkt: klokka 11.
Avslutning: Ortnevik ferjekai sundag 10. mai klokka 1630
 

Det vert organisert felles køyring til og frå Ortnevik etter påmelding.

Turskildring: Turen går frå krysset ved Ortnevik grendahus, her følgjer ein vegen austover langs fjorden i ca. 400 meter til ein traktorveg og vidare til stien ut i terrenget. Etter ein knapp times gange kjem ein til første bruket, Kroksnes, og 10 min etter, Nybø. Begge desse bruka ligg i Høyanger kommune, kommunegrensa til Vik går ved Nybø.

Omtrent ein halvtime seinare kjem ein til Alræk med tre nedlagde gardsbruk på 118 moh. Vidare går ferda via husmannsplassen Slåttene til Vetlesand som har sommardrift med frukt- og bærproduksjon. Vetlesand ligg nede mot sjøen med eiga kai som hurtigbåten går innom. Stien går så gjennom skog og over elvene Gila og Skredbakka før ein kjem til Stavedalen med nedlagde bruk. Frå Indrebø går stien opp til Hanekam med to nedlagde gardsbruk på 142 moh. Herifrå er det fin skogsveg å vandre på til Sylvarnes som er einaste gardsbruket med fast busetnad og heilårsdrift.

Stien er fin og godt merka heile vegen. Det er bygd bruer og lagt ut tau på utfordrande stader. Er det stor vassføring i elvane så må ein pårekne å vasse enkelte stadar.

Me overnattar i det gamle skulehuset på Sylvarnes, her lager me felles middag laurdag kveld.

Sundag går turen til stølane i Sylvarnedalen, alternativt til Vollevik om det er mykje snø. Retur frå Sylvarnes til Ortnevik med rutebåt.

Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn ein meir informasjon i boka «Langs veglause strender». Sjå gjerne episoden av nrk-programmet Der ingen skulle tru nokon kunne buhttps://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2016/DKSF47000116/avspiller

Mat: Ta med nistepakke og drikkeflaske.

Lengde: Laurdag 14 km, samla stigning kring 400 m. Sundag 6 km, samla stigning 600 m.
HeimreiseFrå Ortnevik sundag 10. mai kl 1730.
 


Utstyr: Lett tursekk,

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  • Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  • Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Lette innesko/inneklær 
  • Fjellstøvler og gjerne gamasjer
  • Shorts og t-skjorte (ull/kunstfiber) hvis det er meldt varmt vær
  • Sovepose eller lakenpose
  • Håndkle
  • Toalettsaker

 

 
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: 700 kr ,- for medlemmar, 1200 kr ,- for ikkje-medlemmar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen dekkar overnatting i gamleskulen på Sylvarnes, middag laurdag og frukost og niste søndag.

Ta med niste til laurdag. Felles middag laurdag kveld. Felles  frukost sundag kor ein lager niste til sundagen. Maten vert handla i butikken på Ortnevik laurdag og fordelt mellom deltakarane før turstart.

Prisen inkluderer ikkje reise til/frå Ortnevik. Etter påmelding vil me ta initiativ til felles køyring med privatbilar til/frå Ortnevik. Sundag er det korrespondanse med hurtigbåt til Bergen.


 Kart: Høyanger aust 1:50 000.

Gradering: 5-6 timer kvar dag inklusiv pause, middels krevjande tur.

Turleiarar: Willy-André Gjesdal og Svenn Egil Finden

Spørsmål? har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com

 

 

Langs veglause gardar ved Sognefjorden

Ortnevik  - Sylvarnes Fin vårtur på gamle ferdselsvegar forbi veglause garder langs Sognefjorden mellom Ortnevik og Sylvarnes. Overnatting i det gamle skulehuset på Sylvarnes. Oppmøte: Ortnevik ferjekai Oppmøtetidspunkt: klokka 11. Avslutning: Ortnevik ferjekai ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Willy Andre Gjesdal
  • Svenn Egil Finden