Avlyst AVLYST!!! Skitur i Eksingedalen

Fellestur

Dato
15. mars kl. 11:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Skitur frå Ekse i Eksingedalen til Eksestølen og vidare til Nesheimstølen og Nesheim. Mogeleg alternativ er tur/retur Eksestølen. Turen til Eksestølen høver for alle som har gått lit på ski før, turen til Nesheim er noko meir krevjande - alt etter snømengde og skiføre. Turane høver for både born og vaksne. 

Begge turane går i nydeleg terreng! 

Oppmøtestad: Ekse, øvst i Eksingedalen. Hit køyrer ein i privatbil.
Oppmøtetid: 11.00
Avslutning: Nesheim eller Ekse, alt etter turval. Det vert organisert skyss attende til Ekse (10 minutt med bil) for å henta bilane. 

Turomtale: Turen startar på Ekse. Etter å ha kryssa elva på ski eller til fots over hengebrua, er det litt bratt oppover dei første 200 metrane. Deretter lett oppover lia. Etter ein knapp time er ein oppe og kan skri ned til Eksestølen. Her passar det godt med første matpause, med vakker utsikt. 

Dei som syns at denne turen er passeleg lang, kan gå same vegen attende til Ekse.

Turen mot Nesheimstølen og ned til Nesheim er å anbefala, og er ein av dei verkeleg fine turane i Eksingedalen. Denne turen tek 2-3 timar. Frå Eksestølen går ein vidare framover Eksestjørni før det skråar oppover og innover gjennom idylliske dalføre. Etter kort tid ber det nedover mot Nesheimsstølen, med fin skriing nedover. Dersom det er rikeleg med snø går turen lett, med lite snø er det meir utfordrande. Siste bakken ned mot Nesheimstølen er bratt.

Frå Nesheimstølen er det lett oppover att før nedskriinga ned mot Nesheim. Siste delen av turen er langs ein skogsveg. 

Mat: Ta med rikeleg niste og drikke. 
Lengde: ca 12 km
Tid: 4 - 5 timar 

Utstyr: Lett dagstursekk,

Kle deg i

  • ullunderkle, trøye sokkar og longs
  • tjukkare ull som mellomlag
  • vindtett jakke og bukse
  • hue og hals med vindtette vottar og med ullvottar inni 

Utstyr:

  • fjellski
  • feller eller smurning
  • støvlar og stavar
  • solbriller / stormbriller
  • solkrem
  • ekstra kle som skal pakkast vassstett:
    Ulltrøye, ullvottar/vindvottar, sokkar, varmeplagg i dun eller ull.
  • sitjeunderlag
  • førstehjelpsutstyr med sportsteip/gnagsårplaster
  • kart og kompass 

AVLYST!!! Skitur i Eksingedalen

Skitur frå Ekse i Eksingedalen til Eksestølen og vidare til Nesheimstølen og Nesheim. Mogeleg alternativ er tur/retur Eksestølen. Turen til Eksestølen høver for alle som har gått lit på ski ...

Kontaktinformasjon:

  • Liv Anne Bergo
  • Tlf. 976 53 458

Turledere:

  • Sveinung Tyssen Bergo
  • Magnar Nese
  • Liv Anne Bergo