Rasdalen - Mykkeltveitveten - Hamlagrø

Fellestur

Dato
13. september kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Kan det freiste med langtur i eit mektig landskap i brytingstida mellom sommar og haust? Du kan vere med Vaksdal Turlag på ein makalaus tur frå Bolstad til Hamlagrø. Midtvegs vil vi bestige den høgast toppen i området, Mykkeltveitveten på 1131 moh.

 

Oppmøtestad og tid: Vi møtast på stasjonen på Bolstad kl 0930, her er det gode parkeringstilhøve. Frå Bergen kan du ta tog kl 08.39 som er framme på Bolstad kl 09.28. Her i frå køyrer vi samla i privatbilar til Rasdalen. Ein kan og møte direkte i Rasdalen kl 10.00.

Turskildring: Turen startar i vakre Rasdalen på god sti. Det er ikkje spesielt bratt, men me har god stigning inn gjennom heile dalen der me følger Rasdalselvi inn til Røyrbakkestølen. Etter å ha passert Røyrbakkestølen skal me opp ca 200 høgdemeter via Vidbotnen og Osskardet til Rasdalskardet som ligg på ca 900moh. Deretter følger knappe 2 km med lett terreng før me skal opp siste stigningen til Mykkeltveitveten på 1131moh. Siste stigningen går i høyfjellsterreng med mykje stein. Etter dagens lengste pause sett me kurs ned igjen mot T-sti som tar oss ned til parkeringsplassen ved Alexander Grieg hytta. På vegen ned skal me innom ein del småbekker som skal kryssast, og eit par felt med myr. Gode skor er eit absolutt "must" på denne turen.

Totalt skal me opp nesten 1000 høgdemeter og tilbakelegge ei strekning på ca 16km. Dette kan bli ein kraftprøve der belønninga er ein storslått utsikt og vakker natur heile vegen.

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokker med mye ull og god passform
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Påmelding og pris: Då dette er ein relativt lang og krevjande tur, vil vi gjerne ha påmelding i forkant. Deltakarar som ikkje er meldlem i DNT, betaler 200,- for transport til/frå Bolstad/Dale.

Vel møtt!

Rasdalen - Mykkeltveitveten - Hamlagrø

Kan det freiste med langtur i eit mektig landskap i brytingstida mellom sommar og haust? Du kan vere med Vaksdal Turlag på ein makalaus tur frå Bolstad til Hamlagrø. Midtvegs ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Arild Soltvedt