Avlyst Til flotte Rispingen med gode naboar

Fellestur

Dato
10. mai kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Osterøy Turlag
Turområde
Nordhordland, Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Pga smittevernomsyn

Bli med på fellestur med turlaget på andre sida av fjorden! Med god utsikt både mot Vaksdal og Stanghelle går vi frå Båtaleite til Skrevenipa, via Raudskredbruna til Rispingen og ned att til Båtaleitet.

Oppmøte: Klokka 10.00 på parkeringsplassen på Båtaleitet. Ta kontakt ved behov for skyss.

Turskildring: Me startar ved parkeringsplassen på Båtaleitet (350 moh.). Herifrå går stien mot høgre på austsida av plassen og så nordover i stor sett slakt terreng. Oppe på Skarvenipa på 672 moh. går stien ut langs kanten på ein spennande fjellrygg og her er ei mektig utsikt over Veafjorden og  fjellområda i aust.  Me passerer rolege tjern oppe på flata i lettgått høgfjellsterreng og ved Raudskredbruna dukkar også vakre Stanghelle opp framfor oss. Stien går derfrå litt ned før me går opp på sjølve platået ved Rispingen på 742 moh. Herifrå ser me over Osterfjorden og heilt ut mot havet. Ta med kikkerten! Me følger same vegen ned att. Heile turen er på vel 10 kilometer og tar fem timar med gode pausar.

Mat: Ta med mat for ein heil dag og godt med drikke.

Utstyr: Til vanlig fottur. Sjå utstyrsliste for sommarfjellet.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. F.eks. Turkart Voss i Norge-serien (1:50 000)

Pris: Det kostar ingenting å delta og ein treng ikkje vere medlem for å bli med.

Spørsmål? har du spørsmål kontakt Vaksdal Turlag på e-post ingrina@frisurf.no eller på tlf: 95 91 77 76

Til flotte Rispingen med gode naboar

Bli med på fellestur med turlaget på andre sida av fjorden! Med god utsikt både mot Vaksdal og Stanghelle går vi frå Båtaleite til Skrevenipa, via Raudskredbruna til Rispingen og ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Ingrid Kilskar Næss