Postvegen frå Horvei til Teigdalen

Fellestur

Dato
20. juni kl. 10:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Velkommen til tur langs Kongevegen frå Bolstad til Teigdalen! Me går frå Horvei til Forevene i Teigdalen. Turen er ei historisk vandring langs ein del av den gamle postvegen Bergen - Christiania. I 1647 påla Kongen fast postgang i Noreg, og postføringa var det lokale bønder som tok seg av. Kvar postbonde skulle føra posten vidare yil neste postgard. Postbonden skulle ikkje bruka meir enn 1 1/2 time pr mil på godt føre, maks 2 timar pr mil på dårleg føre. Me tek oss litt betre tid og reknar omlag 5 timar på turen.

Før 1784 måtte dei ta seg opp ein bratt bergvegg via stige. I 1784 sette dei i gang med dei megtige steintrappene opp Storestigen. Vegen opp Storestigen var nytta som postveg heilt fram til 1988 til fjellgardane Rørgo og Geilen.

Oppmøte: Garden Horvei på Bolstadøyri, kl 10.30

Slik kjem ein seg til Horvei - og attende frå Forvene:  
Tog frå Bergen kl 8.39, til Bolstadøyri stasjon kl 9.28. Herifrå 3 km langs bilveg til fots til garden Horvei.
Attende til Bergen: Skyss frå Forvene til Evanger stasjon. Mogeleg tog attende frå Evanger til Bergen er tog kl 16.55 eller 18.56. 

Alternativ: Køyra bil til Horvei og parkera der. Har ein høve til det, kan ein plassera ein bil ved Forvene og så køyra til Horvei. Turlaget vil ha nokre bilar ved Forvene for skyss til Evanger/Horvei ertter turen. Om det er det mange med,vert det litt ventetid. Bilturen mellom Forvene og Evanger tek ti minutt, Forvene til Horvei tek ca 25 minutt. Ein køyrer då av mot Horvei ved Vassenden, like etter Vassendatunnelen. 

Turskildring:  
Garden Horvei var frå gammalt ein postgard. Frå Horvei byrjar turen langs grusveg opp den første bakken før ein går over på sti og opp Storestigen, også kalla Homannsstigen. Dette er eit særmerkt kulturminne. Deretter er det eit lite stykke på grusveg att fram til kvernhuset på husmannsplassen Stigen. Her kryssar me elva Geitåni og går mot garden Bjørgo. Stien går bratt oppover lia. I Bjørgalia er vegen bygd på eit stort veganlegg frå 1780-åra. Fjellgarden Bjørgo ligg på 365 m.o.h. Turen frå Horvei til Bjørgo er 2,7 km og tek omlag ein time. I tunet på Bjørgo høver det godt med den første matpausen. 

Frå Bjørgo går det oppover og innover på venstre sida av elva i Bjørgadalen mot Bjørgastølen. Første delene er stien tydeleg og god. Me krysssar elva eit stykke nedanfor stølen og går mot søraust mot høgda Vindeggi, 540 m.o.h. Dette er turen sitt høgaste punkt. Både frå garden Bjørgo og frå Vindeggi er det svært god utsikt mot dalsida og fjellheimen på sørsida, frå Vindeggi også mot Styveshorgi og Teigdalfjella. 

Frå Vindeggi går me ned til garden Brunborg på  omlag 290 m.o.h. Det er 4,5 km mellom Bjørgo og Brunborg. Brunborg eit gammalt klyngjetun med 10 hus, alle frå 1700- og 1800-talet. Her tek me ein god pause.  Frå Brunborg til Forvene i Teigdalen er det ein bratt reitleveg (kløvjeveg) nedover, det tek omlag 25 minutt å gå.  Det er svært god sti på oppmura veg. 

Ved Forvene kjem ein ned på Fv 5410 gjennom Teigdalen. Det er verdt å merkja seg den flott steinkvelvingsbrua frå 1880-åra like atter Forvene. Frå Forvene er det mogeleg å få bilskyss til Evanger. 

Frå Horvei til Forvene er det  omlag 1 mil, og høgdeskilnad er på  knappe 540 m. 

 

 

 

Postvegen frå Horvei til Teigdalen

Velkommen til tur langs Kongevegen frå Bolstad til Teigdalen! Me går frå Horvei til Forevene i Teigdalen. Turen er ei historisk vandring langs ein del av den gamle postvegen Bergen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elizabeth Gjessing
  • Sigrid Tyssen
  • Liv Anne Bergo