Båttur til perler i Sunnhordland og Austevoll

Fellestur

Dato
6. juni 2021 kl. 09:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Lett, Båttur
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

MERK: Turen er avlyst i 2020. Ny dato er 6. juni 2021. 

Me besøkjer Haaheim Gaard og Bekkjarvik . Tur med flott natur, kultur og god mat.

Avreise frå Knarvik snøggbåtkai kl. 09.00 med turistbåten MS Westcruice til Vaage på Tysnes. Turen går vidare med buss til Haaheim Gaard. I 2000 kjøpte Torstein Hatlevik eit nedlagt gardsbruk utan straum eller innlagt vatn. I 2009 opna han gardsrestaurant og  i løpet av nokre år har han skapt suksessen Haaheim Gaard med mange velhaldne hus , konsertsal, rom for overnatting og eit flott parkanlegg. Her vert me godt mottekne av Torstein som vil visa oss rundt og fortelja historia om garden, og me får servert ein god 2-rettars middag . Etter ca 2 timar på Haaheim Gaard køyrer bussen oss tilbake til båten. Les mer om Haaheim Gaard her: https://www.haaheimgaard.no/

Turen går så vidare søretter fjorden mellom Tysnesøy og Reksteren, gjennom det trange Leiasundet og Bordsundet ut i Langenuen og deretter inn til Bekkjarvik.

Bekkjarvik er ei perle, ein gamal handelsstad med kystkultur, museum, parkanlegg og gjestgiveri.         

Her kan du velja om du ønskjer å vandra rundt i parken og havna eller du vil gå topptur på Kongsfjellet (185 m.o.h.), 1,8 km, ca. 1 time kvar veg. Sherpane til Geirr Vetti har murt trapper i dei brattaste partia. Flott utsyn frå Kongsfjellet.

Båten går frå Bekkjarvik på vestsida av Storebø, Kobbeleia og me er attende til Knarvik ca. kl. 19.00.

Turavgifta er kr 1000 for medlemgar og kr 1250 for ikkje-medlemar, og den må du betale innan påmeldingsfristen til Nordhordland Turlag på konto nr 3632. 07.07727, og skrive kva tur påmeldingsavgifta gjeld. Innbetalt deltakeravgift gjelder som bekreftelse for tildelt plas på turen. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

 

Båttur til perler i Sunnhordland og Austevoll

MERK: Turen er avlyst i 2020. Ny dato er 6. juni 2021.  Me besøkjer Haaheim Gaard og Bekkjarvik . Tur med flott natur, kultur og god mat. Avreise frå Knarvik ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Rune Brundtland
  • Birger Tomasgard