Seniortur - Haugsvarden, Herand

Fellestur

Dato
5. mai 2021 kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Det er frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal, der samordnar vi transporten vidare.

Etter ein god times køyring til Hereiane i (nye) Ullensvang kommune, startar vi på merka sti 100 m nord for parkeringsplassen. Turen går på sle-berg opp til 400 moh, deretter på sti nordover til sjølve varden.
Vi får flott utsikt over fjorden på heile turen....

Mykje av turen går på berg, noko som kan vera svært vanskeleg dersom det er vått.
Blir det slik denne dagen, vil vi endra turmålet til Mælen med gåtur til Samlaneset. Dette er i samme området, så frammøte-tid og -stad i Rosendal blir ikkje endra.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må sjølve syta for transporten.
  • Turleiarar:      Marita Handegard og Elling Haveland
  • Vandringa:
    • Distanse: 5 km t/r
    • Høgdeskilnad: 390 meter
    • Tidsbruk: 4 timar inkl. pausar.

 

Seniortur - Haugsvarden, Herand

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Det er frammøte på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal, der samordnar vi ...

Kontaktinformasjon:

  • Marita Handegard
  • Tlf. 952 75 478

Turledere:

  • Marita Haugse Handegard
  • Elling Haveland