Avlyst Seniortur - Sandvikehorga, Varaldsøy

Fellestur

Dato
13. mai kl. 08:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.


Ved frammøte samordnar vi transporten vidare i færre bilar, ferjeavgang kl. 09:00.

Varaldsøy køyrer vi mot Øyarhamn, og etter ca. 7 km kjem vi til Svartavatnet der vi parkerar langs vegen.

Stien opp til Sandvikehorga har nokre våte parti, og ca. 60 høgdemeter går gjennom bratt og steinete ur. Vi tilrår difor at deltakarane brukar gode sko.

Oppe på toppen 534 moh, opnar det seg ein fantastisk utsikt i alle retningar. Vi ser innover Hardangerfjorden med bygdene på begge sider, og Folgefonna. Utover ser vi Kvinnheradsbygdene og deler av Sunnhordland.
Hildur Øvsthus vert med som lokalperson og fortel om Varaldsøy...

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Årsnes ferjekai 08:40 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må sjølve syta for transporten inkl. ferja
  • Turleiarar:     Solveig Sandvik og Steinar Kroka
  • Vandringa:
    • Distanse: 4,6 km t/r
    • Høgdeskilnad: 250 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Sandvikehorga, Varaldsøy

Ved frammøte samordnar vi transporten vidare i færre bilar, ferjeavgang kl. 09:00. På Varaldsøy køyrer vi mot Øyarhamn, og etter ca. 7 km kjem vi til Svartavatnet der vi parkerar langs ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Solveig Sandvik