Seniortur - Holmedalsfjellet

Fellestur

Dato
21. april 2021 kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Ved frammøte på Valen samlar vi oss i færre bilar sidan det er avgrensa med plass på Holmedal.

Vandringa startar ovanfor den gamle kyrkjegarden på Holmedal.
Fyrste del (ca. 1,5 km) går på bratt skogsveg. Deretter går me over på sti og med mindre stigning, for så å koma inn att på skogsveg. Deler av skogsvegen er steinete.

Rett før snaufjellet er det eit ca. 150 m svært bratt parti, for så å flata ut oppå høgda. Her er fin utsikt utover Skånevikfjorden og mot Matre/Matresdalen.

Stien har enkelte blaute parti så vi tilrår å bruka gode sko.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Ved Valen kyrkje kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Kåre Haugse
  • Vandringa:
    • Distanse: 6 km t/r
    • Høgdeskilnad: 520 meter
    • Tidsbruk: 3,5 timar + pausar.

 

Seniortur - Holmedalsfjellet

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Ved frammøte på Valen samlar vi oss i færre bilar sidan det ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74 139

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Kåre Haugse