Avlyst Seniortur til Skaganeset med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
17. november kl. 10:30 - 12:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst p.g.a smittevernhensyn.

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte ved turstart, Storhaugen kl 10.30

Til Storhaugen kan du f.eks koma ved å ta av frå Austre Sundvegen og følg Skogsvågvegen 900 m. Ta av til venstre og følg vegen til Storhaugen - 180 m.

Denne turen har variert terreng med godt merka sti og kloppar over dei våtaste partia. Det er mange steinalderfunn i området, og deler av stien går langs Kvalvågen med rik kvalfangsthistorie.

På tavler langs med stien kan ein lese om buplass, fiskarbonden, Kvalvågen, kvalfangst og Skaganeset i steinalderen. 

Det er ein del sopp, og sers mykje blåbær i området, men sikkert ikkje i november på vår tur. Det kan vera ein fram og tilbaketur på same sti, men ein kan også velje delvis rundtur.

Normal gangtid 1,5 timar tur-retur. Med matpause, og ved å lese på tavlene må vi rekne lenger tid. 

Ein fin tur med kulturelle opplysningar.

Ta med mat og drikke. Sko deg for våte, blaute parti i stien. Ved frost i bakken kan det bli glatt der det til vanleg er vått. Då er det greit å ha broddar med.

Dette er ein tur som er med i Kystpass 2020 så ta med Kystpasset om du vil klippe i det, eller bruk DNT SjekkUT appen.

1. turleiar Halvard Asbjørn Vorland

2. turleiar Gudrun Johanne Kausland

Velkommen på tur!

om du er medlem eller ikkje. Men som medlem støttar du Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Di støtte hjelper oss til å halda aktivitetane i gang. Du kan lese meir om medlemskap og melde deg inn her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Skaganeset med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Halvard Asbjørn Vorland
  • Tlf. 40855947

Turledere:

  • Gudrun Johanne Kausland
  • Halvard Asbjørn Vorland