Avlyst Seniortur til Saltskohavn med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
10. november kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst p.g.a. smittevernhensyn.

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30.

Om ein startar å gå turen frå Vågo så er det på sti som hyttefolka har nytta gjennom tidene. Når ein kjem opp på haugane, ta ein liten avstikkar frå stien og du vil få fin utsikt over Anglavika med busetnad og hytter, og Båtlaget Ran sitt anlegg. Dei næraste husa nede til venstre er på Vågo. Du ser Hjeltefjorden og mykje meire.

Vel framme på kaien på Saltskohavn finn du raud turkasse med bok, og klippetang for klipp i Kystpasset. Du kan registrere deg i SjekkUT appen og sjølvsagt skrive deg inn i boka. Saltskohavn er ein av Kystpassturane også i 2020.

Turtid er rekna til ca. 2 timar i terrenget med matpause + kjøring tur/retur 1 time. Tidsbruk totalt for denne turen vert estimert til 3 timar. Det er ein enkel, lett tur. Her er enkelte våte parti i stien.

Hugs mat og drikke. Sko og kle deg etter slik veret er denne dagen. Er det glatt kan det vera greit med broddar.

Her er ein liten filmsnutt frå tur til Saltskohavn:

Velkommen!

1. turleiar Rita Sivertsen

2. turleiar Sidsel Frøkedal

Velkommen på tur! om du er medlem eller ikkje. Men som medlem støttar du Sotra Øygarden Turlag som er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Di støtte hjelper oss til å halda aktivitetane i gang. Du kan lese meir om medlemskap og melde deg inn her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Saltskohavn med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Rita Sivertsen
  • Tlf. 93427087

Turledere:

  • Sidsel Frøkedal
  • Rita Sivertsen