Oppmøte ved Vaksdal senter kl 10.30.
Turen går frå Vaksdal kyrkje, forbi Trollsanipo, Appelsinhaugen og Bogafjellet opp til Blåfjellet. Vi går over Krosstjødnane til 4-varden og følgjer varderekka ned att til Bogadalen og Bogavatnet. Dette er ein middels til tung tur, og vi må rekne omlag 5 timar totalt på turen. Hugs gode sko, god niste og klede etter vêret.
Turleiar er Kari Brørvik.
Blåfjellet Foto: E. Gjessing