Damer på ski og vinsmaking på Vending

Fellestur

Fra dato
6. mars kl. 09:15
Til dato
7. mars kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet har allerede startet!



Dato: 6. - 7. mars 2021

Turtittel: Damer på ski og vinsmaking på Vending

Turrute: Hamlagrøosen - Vending. Dersom vær og føre tillet det, legg me turen om Tjørnadalen, Kjerringadalen og Søyene på turen til Vending. På returen går me merka rute frå Vending til Hamlagrøosen. 


 

Oppmøtested: Dalehallen 
Oppmøtetidspunkt: kl 09.15. Avreise kl 09.30
Avreise: Me kjører i  privatbiler til Hamlagrøosen. Gi beskjed ved påmelding om du kan stille med bil og kor mange du har plass til. 

Turbeskrivelse: Turen starter ved Hamlagrøosen kl 10.15. Me går innover mot Lii, og dersom været er fint, noko me satser på, dreier me her mot høgre og går i jevn stigning i Lomalii opp i Tjørnadalen til Tjørnadalstjørni. Herifrå er det slak stigning vidare forbi Langtjørni før me kjem til Djupatjørna. Frå Djupatjørn er det hakket brattare før det flatar ut over Instavatnet og Båtvatnet. Etter å ha gått over Båtvatnet kjører me ned i Kjerringadalen. Frå Kjerringadalen ber det opp att ei god kneik før me nok ein gong får ei fin nedkjøring til Søyevatnet. Det går flatt og fint over Søyevatnet før me tar fatt på den siste bratte kneika opp frå Søyasete. Når ein er komme opp denne kneika er det fin og slak innkjøring til turisthytta på Vending. 

Dersom været er dårlig, tar me kortaste etappe i kvista løype til Vending. Etter å ha innlosjert oss i hytta tar me ein skitur i nærområdet rundt hytta. 
 

Dag1: Turen starter ved Hamlagrøosen kl 10.15. Me går innover mot Lii, og dersom været er fint, noko me satser på, dreier me her mot høgre og går i jevn stigning i Lomalii opp i Tjørnadalen til Tjørnadalstjørni. Herifrå er det slak stigning vidare forbi Langtjørni før me kjem til Djupatjørna. Frå Djupatjørn er det hakket brattare før det flatar ut og me kjører ned att i Kjerringadalen. Frå Kjerringadalen ber det opp att ei god kneik før me nok ein gong får ei fin nedkjøring til Søyevatnet. Det går flatt og fint over Søyevatnet før me tar fatt på den siste bratte kneika opp frå Søyasete. Når ein er komme opp denne kneika er det fin og slak innkjøring til turisthytta på Vending. Om turen går "rundt Søyene", blir lørdagens distanse på ca 9,5 km. Me skal totalt opp ca 430 høgdemeter, men desse er stort sett jevnt fordelt og me får nokon flotte nedkjøringer i løpet av turen.
Dag 2: Vending til Hamlagrøosen. Turen tilbake til bilen er på ca 6 km og går stort sett i slak nedoverbakke som er kjekk å køyre. 
 

Mat: Alle må ta med niste og drikke til turen inn til Vending. Middag lager me ut frå proviantlager på hytta. Dette er inkludert i prisen. På proviantlager finn ein også knekkebrød og diverse pålegg. Ønsker du anna brødmat må du ta dette med deg. 

I og med at tema for turen er "Damer, ski og vinsmaking på Vending", må alle ta med ei flaske vin der ein har dekka til etiketten. 

Ta elles med det du ynskjer av snacks og drikke.

Hjemreise: Me vasker oss ut frå hytta og starter returen kl 12 søndag 7.mars. Ein reknar med å bruke 1,5 timer tilbake til bilen. 

Utstyr: Til denne turen er det påkrevd med fjellski med stålkanter og kort- eller langfeller. Du må kle deg etter været og for ein dag i fjellet. I sekken må du ha med deg klebytte, niste og termos med varm drikke for dag 1. I tillegg må du ha med sovepose eller lakenpose til overnatting. Følg ellers link for sjekkliste for tur i vinterfjellet.   Se utstyrsliste for vinteren

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 500 ,- for medlemmer, kr 750 ,- for ikkje-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 

 Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. På denne turen bruker me kartet Voss- Bergsdalen.

Gradering: Middels

Turledere: Maren Thorkildsen og Elizabeth Gjessing

Spørsmål? har du spørsmål kontakt Vaksdal Turlag

Damer på ski og vinsmaking på Vending

Dato: 6. - 7. mars 2021 Turtittel: Damer på ski og vinsmaking på Vending Turrute: Hamlagrøosen - Vending. Dersom vær og føre tillet det, legg me turen om Tjørnadalen, Kjerringadalen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen
  • Elizabeth Gjessing