Dette var frå gammalt ein viktig ferdaveg for folket i øvre Eksingedalen, som fram til 1964 høyrde til i Evanger kommune. Denne vegen gjekk dei for å komma til kyrkja før det kom eiga kyrkje på Nesheim i 1907, når dei trong lækjar og i kommunale ærend - og for å handla på butikkar på Brekkhus eller Evanger. Utover på 1900-talet dreiv dei også flokkar med dyr over her for å slakta i Teigdalen og selja kjøtet vidare. I dag vert stien mest brukt av sau på beite og folk som ser om og sankar sauane sine.
Framøte: Brekkhus, 250 moh
Høgaste punkt: Vinningsleitet, 750 moh
Turen endar på Bergo i Eksingedalen, 412 moh
Frå Brekkhus følgjer me først ein skogsveg opp til sauehegnet til gardane på Brekkhus. Det går bratt oppover. Frå sauehegnet ber det vidare innover og oppover langs sti. Heile vegen stig det jamnt mot det høgaste punktet på turen, Vinningsleitet. Me går forbi Vindkallen, Messingafossen og Prestesteinen i Fribotn. Prestesteinen et eit minnesmerke etter presten Brox som døydde her på veg til preik i kyrkja på Nesheim.
Frå Prestesteinen ser ein Vinningsleitet, så her passar det godt med matpause og historieforteljing. Ein reknar omlag 2 timar på turen opp til Vinningsleitet, og derifrå knappe 2 timar nedover til Bergo.
Frå Vinningsleitet går det jamnt nedover. Me kryssar fjellvegen mellom Eksingedalen og Teigdalen like før Indretjødna, og heldt fram nedover dalføret Raunaholene ned til Bergostølen. Frå Bergostølen vel me sommarvegen ned Brattefonna og noko bratt nedover mot Klovsteinane og Bergovatnet. Til sist vert det båttur over vatnet, slik dei fekk skyss før i tida også.
Turen tek omlag 4 timar å gå, i tillegg ein god matpause.
For ferdafolket vert det organisert bilskyss attende til Berkkhus.
Utstyr/klede: Følg med på vêrmeldingane, uansett er det lurt å ha utstyr i sekken på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko.
Pakk ein lett dagstursekk med:
Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.
Vel møtt!