Til topps til Blånipa i Eksingedalen

Fellestur

Dato
15. august kl. 11:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Køyrer du over Nesheimsfjellet og er på veg ned mot Eksingedalen, ser du ein ruvande topp midt i mot i nord. Det er Blånipa,1035 moh. Blånipa ligg mellom Nesheim, Bergo, Ykensdalen og Brakestad, og her er det framifrå utsikt! Mot nord ser ein fjella innover Stølsheimen, mot aust Kjerringanosi og Kvitanosi, Lønahorgi i søraust og Skrott i sør.

Turen startar på Bergo, 412 moh.

Høgaste punkt: Blånipa 1035 moh. 

Oppmøte: Like nedanfor skulen på Bergo

 

Ein føljer merka sti rett oppover lia, gjennom granskog og gammal kulturmark til Mjelkeplassen og vidare opp Sæterhaugen. Det er bratt oppover, men me tek oss god tid. Vel oppe dei bratte bakkane er det lettare terreng å gå i, og oppover er det fin utsikt i ulike retningar. Ein halvtime før toppen passerer ein ei stakkstøe der Bergo-folket hadde høyslått og lagra høyet før dei frakta det heim til garden. Herifrå er det ei bratt kneik rett opp, så vider det seg ut og snart ser ein sjølve toppen.

Opp til topps tek det 2 1/2 til 3 timar.  

Frå Blånipa går turen vidare ned mot Brakestadstølen og me endar opp ved Markhuset, mellom Brakestad og Nesheim. 

Me følgjer eggja av Blånipa nedover, og tek ein avstikkar for å nyta utsikta undervegs. Me går bratt nedover i inste enden av Blåvatnet, og går høgda over Demmefjellet, ned til Brakestadstølen og så ned til hyttene i Honndalen. Siste 500 metrane derifrå er langs bilveg ned til fylkesvegen. Herifrå er det 4 km langs veg til Bergo. Sjåførar får bilskyss for å henta bilen. 

Heile turen reknar me til omlag 6 timar, med god matpause. 

 

Utstyr/klede: Følg med på vêrmeldingane, uansett er det lurt å ha utstyr i sekken på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko.
Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regnkle / vindtett (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokkar av ull og med god passform
  • Fleecejakke eller ullgenser
  • Hue
  • Ullvottar eller andre votter som er varme sjølv når dei er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat og drikke for dagen, drikkeflaske for vatn
  • Sitjeunderlag

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Vel møtt!

Til topps til Blånipa i Eksingedalen

Køyrer du over Nesheimsfjellet og er på veg ned mot Eksingedalen, ser du ein ruvande topp midt i mot i nord. Det er Blånipa,1035 moh. Blånipa ligg mellom Nesheim, Bergo, Ykensdalen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sveinung Tyssen Bergo
  • Liv Anne Bergo