Langs veglause gardar ved Sognefjorden

Fellestur

Dato
18. april kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Ortnevik  - Sylvarnes

Fin vårtur på gamle ferdselsvegar forbi veglause garder langs Sognefjorden mellom Ortnevik og Sylvarnes med avslutning med ein prat med fastbuande Lars Sylvarnes.

Oppmøte: Ortnevik ferjekai
Oppmøtetidspunkt: sundag 18. april klokka 10.00
Avslutning: Ortnevik ferjekai sundag 18. april klokka 1630
 

Turskildring: Turen går frå krysset ved Ortnevik grendahus, her følgjer ein vegen austover langs fjorden i ca. 400 meter til ein traktorveg og vidare til stien ut i terrenget. Etter ein knapp times gange kjem ein til første bruket, Kroksnes, og 10 min etter, Nybø. Begge desse bruka ligg i Høyanger kommune, kommunegrensa til Vik går ved Nybø.

Omtrent ein halvtime seinare kjem ein til Alræk med tre nedlagde gardsbruk på 118 moh. Vidare går ferda via husmannsplassen Slåttene til Vetlesand som har sommardrift med frukt- og bærproduksjon. Vetlesand ligg nede mot sjøen med eiga kai som hurtigbåten går innom. Stien går så gjennom skog og over elvene Gila og Skredbakka før ein kjem til Stavedalen med nedlagde bruk. Frå Indrebø går stien opp til Hanekam med to nedlagde gardsbruk på 142 moh. Herifrå er det fin skogsveg å vandre på til Sylvarnes som er einaste gardsbruket med fast busetnad og heilårsdrift.

Stien er fin og godt merka heile vegen. Det er bygd bruer og lagt ut tau på utfordrande stader. Er det stor vassføring i elvane så må ein pårekne å vasse enkelte stadar.

Retur frå Sylvarnes til Ortnevik med rutebåt.

Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn ein meir informasjon i boka «Langs veglause strender». Sjå gjerne episoden av nrk-programmet Der ingen skulle tru nokon kunne buhttps://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2016/DKSF47000116/avspiller

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske.

Lengde: 14 km, samla stigning kring 400 m. 
Utstyr: Lett tursekk,

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  • Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  • Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Lette innesko/inneklær 
  • Fjellstøvler
  • Shorts og t-skjorte (ull/kunstfiber) hvis det er meldt varmt vær

 

 
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: 200 kr ,- for medlemmar, 300 kr ,- for ikkje-medlemmar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 

Ta med godt med niste til heile turen. Det er ikkje høve til å arrangere felles måltid.


 Kart: Høyanger aust 1:50 000.

Gradering: 5-6 timer inklusiv pause, middels krevjande tur.

Turleiarar: Willy-André Gjesdal og Svenn Egil Finden

Spørsmål? har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com

 

 

Langs veglause gardar ved Sognefjorden

Ortnevik  - Sylvarnes Fin vårtur på gamle ferdselsvegar forbi veglause garder langs Sognefjorden mellom Ortnevik og Sylvarnes med avslutning med ein prat med fastbuande Lars Sylvarnes. Oppmøte: Ortnevik ferjekai Oppmøtetidspunkt: sundag 18. april klokka ...

Kontaktinformasjon:

  • Willy-André Gjesdal
  • Tlf. 48880354

Turledere:

  • Svenn Egil Finden
  • Willy Andre Gjesdal