Langs veglause gardar ved Veafjorden

Fellestur

Dato
23. april kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Veafjorden, Kulturarv, Fjordgard
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Stamnes kai - Bukkestein - Veo  - Fylo - Kvåstad - Kvamme - Stamnes kai

Fantastisk flott tur tilbake til farne tider langs veglause gardar på begge sider av Veafjorden. Fotturen er delt i tre etappar med båttransport mellom.

Oppmøte: Stamnes kai
Oppmøtetidspunkt: klokka 10
Avslutning: Stamnes kai klokka 18

 

Turskildring

Båttur i leigd skyssbåt frå kaien på Stamneshella til Bukkestein. Frå Bukkestein, der det er to gardsbruk og skulehus (nå grendahus), går vi på gamal skuleveg langs fjorden til Veo. Kort og flat tur på 2 km med omlag 30 minutt i gangtid. Me reknar noko lengre tid då vi vil møta folk som kjem frå  gardane her. Dei vil fortelje oss om livet slik det var på gardane då det var drift her.

Frå Veo tek vi båt vidare til naustet på Fylo. Her går vi på sti i ca 1 km til den fråflytta fjellgarden Fyllingslid (Fylo) som ligg 200 meter over havet. Etter ein pause  kryssar vi elva frå Fyletjødna og tek turen til nabogarden Fyllingshaug. I dag står berre grunnmurane att på desse fjellgardane som har ei dramatisk historie. Denne vil me få høyra om.

Vi returnerer til naustet på Fylo der båten ventar og tek oss til Kvåstad, der vi går forbi dei to fråflytta gardsbruk og vidare på sti til Kvamme. Moderat stigning og ein tur på kring 2 km og omlag 45 minutt i gangtid, men vi reknar nokre lengre tid då vi også her vil få høyra om gardane frå lokalkjente.

Frå Kvamme tek båten oss attende til Stamneshella.

Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn ein meir informasjon i bygdeboka for Vaksdal, band II og III http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Bygdeb%C3%B8ker_for_Vaksdal

Sjå også gjerne episoden av nrk-programmet frå Bukkestein Der ingen skulle tru nokon kunne buhttps://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/sesong/15/episode/5

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske.

Lengde: 7 km, samla stigning kring 300 m. 
Utstyr: Lett tursekk,

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  • Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  • Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Hue
  • Ullvottar eller andre vantar/vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Fjellstøvlra eller gode tursko
  • Shorts og t-skjorte om det er meldt varmt vèr

 
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: 500 kr ,- for medlemmar, 600 kr ,- for ikkje-medlemmar. Venlegast betal ved påmelding til konto: 3633.55.21948 (evt Vipps #593872). Full refusjon vert gjeve ved avmelding inntil 10 dagar før turen, halv refusjon ved seinare avmelding. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 

Ta med godt med niste til heile turen.


 Kart: Voss 1:50 000.

Gradering: 4-5 timer inklusiv pause, lett tur. Samla tid inklusiv båttransport kring 8 timar.

Turleiarar: Willy-André Gjesdal og Elizabeth Gjessing

Spørsmål? har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com

Langs veglause gardar ved Veafjorden

Stamnes kai - Bukkestein - Veo  - Fylo - Kvåstad - Kvamme - Stamnes kai Fantastisk flott tur tilbake til farne tider langs veglause gardar på begge sider av Veafjorden. Fotturen er ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elizabeth Gjessing
  • Willy Andre Gjesdal