Gourmet på Gullhorgabu

Fellestur

Fra dato
12. mars kl. 11:00
Til dato
13. mars kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Har du nokon gong tenkt at det kunne vore kjekt å besøke ei turlagshytte på vinterstid? Skrida fram i trygge spor, fyre opp i ei kald hytte og etterkvart nyte ein utsøkt tre-rettars middag i lag med andre turglade? I mars kan du vere med Vaksdal Turlag til Gullhorgabu, ein tur som passar for dei fleste, og spesielt for dei som er glad i kortreist gourmet-mat. Med på turen er vår eigen kokk!

Turrute Småbrekke - Gullhorgabu: 

Skituren startar ved Småbrekke i Bergsdalen. Her spenner vi på oss skia. Turen frå Småbrekke går på den kulturhistoriske vegen Militærvegen, som blei bygd som transportveg mellom Voss og Samnanger i slutten av 1920-åra. Turen startar med ein motbakke inn til Moastølen, og fortset i jamn stigning gjennom eit variert og spennande terreng blant flotte fjell vidare mot Storlitjørn.

Frå Storlitjørni stig terrenget mot høgaste punkt på turen, Høgdi omlag 900 moh. Her er runesteinen, til minne om slaget ved Gulltjørna for ca. 1000 år sidan: Vossakongen og samningakongen møttes her til kamp. Samningane blei jaga på flukt. Men før kongen og hans menn forsvann, skal han ha kasta eit gullbord i Nedsta Gulltjørna, som har fått namn etter segna. Det er i sørenden av dette vatnet hytta ligg. Ho har fått si utforming med litt av eventyret i seg, og skal inspirere til leik og oppleving i området rundt. Gullhorgabu har fått namn etter fjellet Gullhorga som ragar 1020 moh over Nedsta Gulltjørna ca. 850 moh.

Turen har ei lengd på 7-8 km kvar veg, og vi reknar 3-4 timar inn til hytta på laurdagen. Søndag går vi gjerne en liten rundtur i området før vi returnerer i nedoverrenn det meste av strekket til utgangspunktet.

Alle får tildelt sengeplass på hytta og gjeldande smittevernreglar blir sjølvsagt følgde. Turen går i ein av dei mørkaste månadane, noko som gjer det enda koseligare å fyre i hytta, tenne lys og samlast rundt eit godt måltid. Med på turen er turlaget sin eigen kokk, og ut i frå særdeles kortreiste råvarer tryller han fram ei matoppleving av dei sjeldne:

Forrett: Varmrøykt fjellaure med rugbrød og granskotkrem
Hovudrett: Reinsdyrbiff med skogsopp, rosenkål, rognebærgelé og raudvinsaus
Dessert: Blåbær med kremdott og steinsoppflarn

*****

Gradering: Turen er for deg som har noko erfaring med å gå fjellskitur med sekk i 4 timar, både oppover og nedover. Ring turleiar dersom du lurer på om turen er for deg.

Mat: Ta med eigen lunsj til laurdag og det du ønsker av snacks og drikke til kvelden.

Heimreise: Vi planlegg å vere tilbake til Dale seinast kl 17 søndag.

Oppmøtestad: Dalehallen 
Oppmøtetidspunkt: kl 09.15. Avreise kl 09.30
Avreise: Me kjører i  privatbilar til Småbrekke. Gi beskjed ved påmelding om du kan stille med bil og kor mange du eventuelt har plass til. 

Utstyr: Til denne turen er det påkrevd med fjellski med stålkantar og kort- eller langfeller. Du må kle deg etter vêret og for to dagar i fjellet. I sekken må du ha med deg klebytte, niste og termos med varm drikke for dag 1. I tillegg må du ha med sovepose eller lakenpose til overnatting. Følg ellers link for sjekkliste for tur i vinterfjellet.   Se utstyrsliste for vinteren

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 750,- for medlemmer, kr 950,- for ikkje-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderer turleiing, overnatting på Gullhorgabu, 3-rettars gourmet-middag og god frukost.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. På denne turen bruker me kartet Voss- Bergsdalen.

Gradering: Middels

Turleiarar: Maren Thorkildsen og Elizabeth Gjessing

Kokk: Endre Magnussen

Spørsmål? har du spørsmål kontakt Vaksdal Turlag

Gourmet på Gullhorgabu

Har du nokon gong tenkt at det kunne vore kjekt å besøke ei turlagshytte på vinterstid? Skrida fram i trygge spor, fyre opp i ei kald hytte og etterkvart nyte ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen
  • Elizabeth Gjessing