Merka til Krokavatn

Foto: Arild Soltvedt

Stien/Turen til Krokavatnet er no rydda og merka frå både Norddalen og Dale.

Eit slagkraftig ryddelag på 4 sette lørdag 30.juni ut frå Dale med mål om å merke opp til Krokavatnet. Arnt Olav Sellevold, Frode Aschehoug og Arild Soltvedt hadde med seg kjentmann Øystein Sellevold på denne historiske første merketuren i regi av Vaksdal Turlag.

Etter drøye 6,5 timar kom merkelaget ned igjen i Norddalen etter å ha merka både med refleksrør og pålar. Det skal no vera overkommelig å komma seg ned igjen også med ei god lykt dersom mørkret er tilstede.

Me vil straks kalle inn til fleire dugnader for å preppe pålar og rør, slik at dei som vil bidra i merke -og ryddedugnaden skal ha nok merke med seg når dei legg ut på tur.

Oversikt over turar som skal merkast finn de her, Merke og Ryddeoversikt

Nye merkepåler fra Krokavatnet retning Harafjellet
Nye merkepåler fra Krokavatnet retning Harafjellet Foto: Arild Soltvedt

Skrevet av Arild Soltvedt 5. september 2018