Nye turleiarar

Nyutdanna turleiarar og instruktør Rita Mathisen
Nyutdanna turleiarar og instruktør Rita Mathisen Foto: Elizabeth Gjessing, Vaksdal Turlag

Siste helga i september arrangerte Vaksdal Turlag sitt første turleiarkurs, og sju nye turleiarar vart utdanna.

På grunn av noko ruskete vêrmeldingar vart kurset flytta frå Bergsdalen til Åsane/Arna. Her fekk deltakarane prøve seg på orientering i ukjent terreng i våte, men trygge omgjevnader. Erfarne Rita Mathisen frå Bergen og Hordaland turlag leia kurset med stø hand med støtte frå instruktøraspirant Elizabeth Gjessing frå Vaksdal Turlag.

Kurset starta med eit par timar teori i bruken av kart og kompass, og vi var heldige og fekk sitte tørt inne på Ikea med dette arbeidet. Resten av kurset gjekk føre seg i området rundt Veten i Åsane og Spåkevatnet i Arna. Ein lærevillig og positiv gjeng gjennomførte kurset på ein særs god måte og vart alle premierte med bestått kurs.

Nye turleiarar i Vaksdal Turlag. Frå venstre Ingrid Næss,  Vaida Gelumbickaite, Willy-André Gjesdal og Maren Thorkildsen
Nye turleiarar i Vaksdal Turlag. Frå venstre Ingrid Næss, Vaida Gelumbickaite, Willy-André Gjesdal og Maren Thorkildsen Foto: Elizabeth Gjessing, Vaksdal Turlag
Orientering med kart og kompass er ein viktig del av turleiarutdanninga.
Orientering med kart og kompass er ein viktig del av turleiarutdanninga. Foto: Elizabeth Gjessing, Vaksdal Turlag
Teoretisk innføring i kart og kompass. Denne gangen på Ikea.
Teoretisk innføring i kart og kompass. Denne gangen på Ikea. Foto: Elizabeth Gjessing, Vaksdal Turlag

Skrevet av Elizabeth Gjessing 1. oktober 2018