Vaksdal Turlag startar opp seniorgruppe

Erfarne fjellvandrarar i Nesheimsfjella i Eksingedalen
Erfarne fjellvandrarar i Nesheimsfjella i Eksingedalen Foto: E. Gjessing

Vaksdal Turlag har no fått si eiga seniorgruppe som i utgangspunktet har basert seg på turar på føremiddagstid. Her vil det bli lagt opp til turar som skal passe dei aller fleste som liker å gå på tur i fjellet. Me har engasjert fleire erfarne fjellfolk frå Stanghelle, Stamnes og Vaksdal til å planlegge kor turane skal gå, samt til å leie turane.

I oppstarten er det tenkt å arrangere ein eller to turar i månaden. Oppmøtetid vil vere tysdag kl 1030, men oppmøtestad vil variere frå tur til tur. Det er ikkje naudsynt med påmelding, og ein treng heller ikkje vere medlem av DNT for å delta på turane. Det er sjølsagt heller ikkje eit krav å vere pensjonist. Alle som har høve og lyst til å gå på tur på dagtid er hjarteleg velkomne. Turleiarane har stor kunnskap og kjennskap til turløypene rundt om i eigen kommune og i nærliggande kommunar, og har ut frå dette laga eit variert turprogram som ein finn på heimesida.

Den fyrste turen er sett opp allereie 12.mai. Turen går då til Bygdehytta i Øyadalen på Stamnes. Dette er ein lett tur som tar 2 til 3 timar. Oppmøte for turen er ved Stamnes skule. Kontaktperson er Liv Stamnes (tlf 48880356).  


  • Møt opp på frammøtestaden kl. 10.30 på dei oppsette tysdagane.  

  • Turmåla kan bli endra, dersom dårleg vêr.  

  • Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen for kvar tur om du har spørsmål (t.d. behov for skyss eller om du har plass til fleire i bilen) 

På grunn av den pågåande Korona-pandemien er det ein del smittevernomsyn ein må ta på turen.  

  • Ein kan totalt ikkje vere meir enn 50 deltakarar med på turane.  

  • Ein må halde minst 1 meter avstand til kvarandre gjennom heile turen.  

  • Turleiar vil ha handsprit med i sekken 

  • Turleiar vil skrive ned namn og kontaktinformasjon på turdeltakarane (dette fordi me må kunne spore kven som har vore med på tur dersom nokon i turfølgjet blir sjuke enten under tur eller etter tur).  


Håpar nettopp DU har lyst å vere med Vaksdal Turlag si seniorgruppe på tur!  

Skrevet av Elizabeth Gjessing 9. mai 2020