Topp 8 - Dale

Vaksdal Turlag har sett opp nye, flotte turregistreringskassar på 8 toppar kring Dalegryta. Vi håpar dette vil motivere fleire ut på tur i det flotte turterrenget kring kommunesenteret.
Dei fleste bygdene i kommunen er vel utstyrte med postkassar og turbøker der trimmarar kan registrere seg, noko som stimulerer både vaksne og born ut på tur. Kassane kring Dale har lenge vore i dårleg forfatning, og no vert dei altså bytta ut med nye. Toppane som i desse dagar får ny kasse er:
Beitelen
Hestfjellet (Litlehesten)
Dalestølen utsikt
Dalestølen 2. kvile
Flaskå
Flåskarhaugen
Dystingen
Dalseidstølen
Vaksdal Turlag har fått med seg 8 bedrifter frå det lokale næringslivet på Dale som kvar har “sin” kasse. Bedrifta som pryder kassen med sin logo stiller med premiar som blir trekt ut på turnummer. Første veka i oktober skaffar me oss oversikt over alle innskrivingar frå det siste året, og trekning av premiane vil skje i løpet av månaden og bli opplyst på Vaksdal Turlag si nettside og facebookside. Vinnarane vil også bli kontakta.
Kva bedrift som står på dei ulike kassane er det opp til deg som turgåar å finne ut av, me håpar uansett at dette kan inspirere fleire til å besøke dei nye kassane og bruke dei flittig i tida framover.
God tur!
NB! Grunna smittevernreglane som per no er gjeldande, har me ikkje lov å legge ut turbøkene i turkassane enda. Bøkene vil bli lagt ut så snart dette er mogleg, og me håpar det skjer snarleg. Følg med på facebook-sida for oppdatert informasjon.