Sti- og merkegruppe

Foto: Elizabeth Gjessing

Vaksdal Turlag vil satse meir på tilrettelegging, merking og rydding av stiane i kommunen vår i 2022. Har du lyst å bidra i dette arbeidet, høyrer vi gjerne frå deg!

Kommunen vår er langstakt med eit utal stiar på kryss og tvers. Mange vert hyppig brukt medan andre er ukjente for dei fleste. Turlaget ser på stirydding og stimerking som ei av primæroppgåvene til laget, og vil gjerne ha med fleire til å bidra i dette arbeidet. Føremålet er at det skal bli lettare for folk flest å komme seg ut på tur!

Vi har laga ei uformell og uforpliktande gruppe for alle som har lyst å ta del i dette arbeidet. I gruppa kan du:

  • melde tilbake om du har gått ein tur der det manglar merking, det bør remerkast eller stien treng å ryddast
  • finne liste over stiar som treng å merkast eller ryddast og tilby deg å merke/rydde ein sti
  • finne informasjon om kvar du kan hente merkeutstyr og låne verktøy til stirydding
  • bli informert om felles dugnadar du kan vere med på

Ta direkte kontakt med turlaget eller ein i styret viss du har lyst å bidra. Koordinator for gruppa er Arild Soltvedt, 951 56 212

Skrevet av Elizabeth Gjessing 21. november 2021