Vellukka jomfrutur

Ein nøgd gjeng feirar vel gjennomført jomfrutur med Vaksdal Turlag
Ein nøgd gjeng feirar vel gjennomført jomfrutur med Vaksdal Turlag Foto: Andre Marton Pedersen, Bergen og Hordaland Turlag

26 turglade frå heile Vaksdal kommune deltok på turlaget sin aller fyrste tur. I mildt og passeleg fint vêr gjekk turen rundt heile Stanghelle vest, frå Åsen til Stutto, under Smørstakken, via Fjordspennet, Folavika ut til Fyret. Her vart det ei lita markering med bobler, flagg, talar og fotografering.

"Dette var kjekt!", seier leiar i turlaget, Arild Soltvedt, "Godt å endeleg komme i gang med det vi skipa laget for, nemleg å få folk med ut på tur." Han og dei andre i styret gler seg allereie til neste tur som er på Vaksdal 21. mai. "Då håpar vi å få like mange, eller endå fleire med oss", seier Soltvedt og legg til at turane er gratis og opne for alle, ein treng ikkje vere medlem i DNT for å delta.

Klikk her for å skrive tekst.

Utsikt frå Åsen over Stanghelle
Utsikt frå Åsen over Stanghelle Foto: Andre Marton Pedersen, Bergen og Hordaland Turlag
Utsikt mot Sørfjorden og Osterøy
Utsikt mot Sørfjorden og Osterøy Foto: Andre Marton Pedersen, Bergen og Hordaland Turlag
Feiring ved Fyret med bobler og norske flagg
Feiring ved Fyret med bobler og norske flagg Foto: Andre Marton Pedersen, Bergen og Hordaland Turlag

Skrevet av Elizabeth Gjessing 2. mai 2018