Turtips

Treng du tips til kor du skal dra på tur? Her er nokon turar me anbefaler. Fleire turforslag på UT.no - hele Norges turplanlegger

Storafjellet over Stanghelle

Middels tur som passar best til ungdom/vaksne, evt turvante ungar.

Ta deg med bil til Hellestræet, startpunkt for turen er rett forbi planovergangen.

Bratt stigning i skog første halvdel av turen som går via Kalddalen, ved Helleskaret tar ein venstre over myrane.

Siste del av turen går i høgfjellsterreng og tar deg fram til utsikten over Sørfjorden og Veafjorden 641m under deg.

Du kan rekne deg 1-2 timar på turen opp, ca 1 time ned att samme vegen.


Rundtur Stanghelle Vest

Middels tur som passar for ungdom/vaksne.

Start ved boligfelt øvst i Åslia på Stanghelle vest, ta deg opp til Stutto på god sti, inn via Løypedalen og ut til postkassa "under Smørstakkjen".

Vidare ned og opp igjen mot fjordspennet, litt bratt stigning opp her.

Ned til Folavika og ut til fyret på Tettaneset, med retur via gapahuken i Agnavikdalen

Du kan rekne deg ca 2-3 timar på turen.

Tur til Flaskå

Tur som passar for alle, litt stigning.

Gå via Bergsdalsvegen fra Skyttarplassen på Dale, eller køyr med bil opp til benken ved den store steinen.

Ta opp til venstre retning Sess-stølen. Når du er kome "opp" tar du til venstre og følgjer skilt til "Flaskå".

Du kan rekne deg ca 45 min på turen etter at du forlet asfalten i Bergsdalsvegen