VELKOMMEN TIL VAKSDAL TURLAG

Hamlagrø
Hamlagrø Foto: Elizabeth Gjessing

Vaksdal Turlag samlar heile Vaksdal kommune under ein "tur-paraply". Styret er sett saman av ein medlem frå kvar av bygdene Eksingedalen, Stamnes, Bergsdalen, Dale, Stanghelle og Vaksdal. Kvart år arrangerer vi fellesturar i alle bygdene våre, sjå turprogrammet under.

Vi håpar du blir med oss på tur!

Turprogram

Snart publiserer vi turprogrammet for 2020, og vi kan love mange flotte turar både i og utanfor kommunen.

I løpet av året kjem vi også til å arrangere to turleiarkurs som vi håpar blir populære. Ta gjerne kontakt allereie no dersom du er nysgjerrig på turleiarrolla.