Avlyst Familietur til Leiro

Fellestur

Dato
19. april kl. 11:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Den fråflytta og veglause garden Leiro er ei naturskjøn perle i Vaksdal kommune. Har du ikkje vore der før, har du no sjansen til å ta med heile familien saman med Vaksdal Turlag. Frå Eidsland er det berre vel ein times gange til det idylliske tunet på nordsida av Leirovatnet.

Garden vart busett midt på 1600-talet, og er såleis ikkje av dei eldste gardane i kommunen.  Den fyrste brukaren skal ha vore Olav frå Myster. I 1886 vart garden delt i to bruk, og her vart dyrka både poteter og havre, sjølv om det var mange år kornet ikkje vart modna. I kjeldene kan ein også lese at det både var hest, kyr, geit, sau og gris på bruka. Garden vart fråflytta allereie i 1948, men husa er i dag godt ivareteke og i god stand.

Oppmøtestad og tid: Vi møtast ved Eidsland grendahus kl 1100, her er det gode parkeringstilhøve.

Turskildring: Første del av turen går på veg gjennom garden Myster, før vi kjem inn på stien til Leiro. Denne er god å følgje, og svingar seg gjennom skogen oppover i terrenget. Turen frå Eidsland til Leiro er omlag 2,5 km og 300 høgdemeter, og tar frå 1 - 1,5 time opp og vel ein time ned att. Terrenger er ikkje særleg krevjande, og dei aller fleste vil kunne vere med på turen.

Det er ikkjke naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Vel møtt!

 

Familietur til Leiro

Den fråflytta og veglause garden Leiro er ei naturskjøn perle i Vaksdal kommune. Har du ikkje vore der før, har du no sjansen til å ta med heile familien saman ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Elizabeth Gjessing