Hausttur med middag på Bergsdalstunet

Fellestur

Dato
17. oktober kl. 11:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Gourmetmat
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Kva er vel ein betre kombinasjon enn tur i vakkert haustlandskap og tre-rettars middag basert på lokale råvarer? Vaksdal Turlag inviterer til tur frå Bolstad til Lid i Bergsdalen og servering på idylliske Bergsdalstunet. 

Oppmøtestad og tid: Vi møtast på stasjonen på Bolstad kl 11.00, her er det gode parkeringstilhøve. Frå Bergen kan du ta tog kl 09.59 som er framme på Bolstad kl 10.48. Kvar deltakar må sjølv betale for transport til og frå Bolstad/Dale.

Retur: Det vert organisert transport frå Bergsdalen tilbake til Dale/Bolstad. Tog frå Dale til Bergen kl 18.14. Gje beskjed ved påmelding om du ynskjer transport frå Bergsdalen til Dale!

Pris: Trerettars middag: 520,- per person. Transport frå Lid til Dale: 100,- per person

Turskildring: Turen startar langs vegen frå Bolstad mot Rasdalen, men tar ganske raskt ei vestleg retning der vi følgjer den gamle ferdavegen mellom Bergsdalen og Bolstad. Denne brukte folket i dalen då dei skulle til kyrkja på Bolstad. Traséen går inn Brislingabotnen og vidare til Timbredalen og forbi Gufsekrosskardet. Vi går opp Brattefonnskardet til Flatafjellet. Her får vi eit flott utsyn over Bergsdalen før vi går ganske bratt ned Lia til Bergsdalstunet. Her vert vi tatt i mot av Olaug og Helge Terje Fosse som byr på noko å leske strupen med og nydeleg lokalmat av sesongens beste råvarer. Turen er på dryge 800 høgdemeter og i underkant av 10 km. Terrenget er til dels frodig og myrete i starten, lyng og stein i dei høgaste partia. Det er naudsynt med gode sko og klede etter vêrtilhøva.

Etter nokre timar med mat og hygge på Bergsdalstunet vert det felles transport tilbake til Dale/Bolstad.

Hausttur med middag på Bergsdalstunet

Kva er vel ein betre kombinasjon enn tur i vakkert haustlandskap og tre-rettars middag basert på lokale råvarer? Vaksdal Turlag inviterer til tur frå Bolstad til Lid i Bergsdalen og servering ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Elizabeth Gjessing