Kom deg ut-dagen i Eksingedalen

Arrangement

Dato
2. februar kl. 11:00
Passer for
Alle
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Søndag 2. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i skiløypa på Nesheim i Eksingedalen!

Kom deg ut – dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 2. februar er det klart for vinterutgåva. Vaksdal Turlag skipar til arrangement for tredje gong både på Lid i Bergsdalen og på Nesheim i Eksingedalen. På ein og samme dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar.

- Kom deg ut dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko, seier leiar i Vaksdal Turlag, Arild Soltvedt.

I Eksingedagen er "Kom deg ut - dagen"  eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag og Eksingedalen IL. Det vert rebus og ulike aktivitetar, og høve til å gå i skiløypa.

Hjarteleg velkomne!

Kom deg ut-dagen i Eksingedalen

Søndag 2. februar inviterer Vaksdal Turlag til ein gratis, lågterskel friluftsdag i skiløypa på Nesheim i Eksingedalen! Kom deg ut – dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 2. ...

Kontaktinformasjon:

  • Liv Anne Bergo
  • Tlf. 976 53 458