Familietur til Selhamar

Fellestur

Fra dato
28. august kl. 08:00
Til dato
30. august
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Overnattingstur
Arrangør
Vaksdal Turlag

Selhamarhytta er Bergen og Hordaland turlag si største hytte i Stølsheimen. Den ligg ved utløpet av Selhamarvatn og nås frå Eksingedalen og Vikafjellet. Hytta er stor og godt eigna til opphold over fleire dagar for større grupper. Det er fine turmål både for barnefamilier og dei som ynskjer lengre turar i området. 

Me går opp frå anleggsvegen ved Askjelldalsvatnet. Dette er ein lett tur der ein med små barn reknar med å bruke 2 til 2,5  timer inn til hytta. 

Fredag køyrer ein privatbilar inn til Askjelldalsvatnet (me samkøyrer ut frå antall deltakarar). Derifrå er det litt stigning på starten av turen, men etter at denne stigninga er unnagjort kan ein sjå inn til hytta. Herifrå går det flatt og slakt nedover fram til Selhamarvatnet. Siste etappe går langs vatnet inn til hytta. 

Når me er vel installert på hytta lager me felles middag frå proviantlager. Etter middag og oppvask er det muligheiter for fiske, båttur, kanotur, bading eller andre aktivitetar rundt hytta. 

Laurdag startar me med felles frukost (ynskjer du anna enn knekkebrød eller havregraut til frukost, tar du dette med sjølv, pålegg finst på hytta). Etter frukost og oppvask tar me ein tur inn til spektakulære Gryteberget som er eit gamalt klebersteinfelt. Her er det groper i berget etter at det er tatt ut klebersteingryter. Me et lunsj ved Gryteberget dersom vêret tillet det. 

Tilbake til hytta blir det felles middag frå proviantlager. Elles er det lagt opp til fri aktivitet som fredag. 

Søndag er det frukost og utvask, før ein tar turen tilbake til bilane ved Askjelldalsvatnet. 

Det er tilrettelagt for hund på Selhamarhytta. 

Ønsker du mat/drikke utanom det som finst på proviantlager må du ta dette med sjølv. Alle tar med snacks til eige bruk.

Påmelding og pris: Påmelding på heimesida til Vaksdal Turlag seinast måndag 24.8. Eventuell avmelding må skje innan samme dag. Prisen inkluderer to overnattingar, middag fredag og laurdag, frukost og lunsj laurdag og søndag. Transport kjem eventuelt i tillegg, dette vippsar ein til sjåføren.

Vaksne: 1100,- for medlem i DNT/ 1600,- for ikkje-medlem i DNT
Barn: Gratis for medlem i DNT/ 500,- for ikkje-medlem i DNT
(Medlemskap kostar 135,- for born.Meld inn her)

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen