Avlyst Seniortur - Rosendal og Melsdalen

Fellestur

Dato
25. november kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst pga nye koronarestriksjonar... 😢


På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på sida for kvar turomtale (turlaget si heimeside).
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du har problem med påmelding via nettet eller dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Vi set ei grense på 40 deltakarar for denne turen.
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.

Parkering: Truleg enklast på baroniet sin P-plass. (NB: Ingen parkering ved brannstasjonen.)

Frammøte i Steinparken kl. 10.00 der vi får sjå det nye flotte aktivitetsbygget, Dinosaurhuset og Øystein Skaala viser oss rundt og fortel om parken.....

Frå Steinparken går vi opp til Kalvatre og vidare langs røyrgata som fører vatn til Skålaverket kraftverk.

Før inntaksdammen tek vi ein kort sti opp til skogsvegen som går mot Åsvodl, og denne føl vi vidare innover Skåladalen til Ludnabekk og brua «Dinglo» som kryssar Melselva

På andre sida av elva er det kort sti til skogsveg som går til Myrdal, men vi svingar til høgre og går nedover til Kletta. Der tek vi stien ned til inntaksdammen og tilbake til Steinparken.

Vi hadde planlagt å avslutta turen (og sesongen) med ei matøkt slik som vi har gjort dei siste åra. Men det vert no registrert ein sterkt aukande koronasmitte i landet, og vi vil følgja føre/var- prinsippet. Difor sløyfer vi denne serveringa og satsar på ein matpause ute i naturen med kvar si niste slik som vanleg.
Sjølv om du ikkje får servert mat, håpar du likevel blir med oss på ein fin tur denne dagen...

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Steinparken i Rosendal kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Solveig Sandvik og Helen Sandvik Røssland
  • Vandringa:
    • Distanse: 9 km
    • Høgdeskilnad: 320 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Rosendal og Melsdalen

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Solveig Sandvik
  • Helen Sandvik Røssland