Grunnleggande turleiarkurs

Kurs

Fra dato
6. juni kl. 08:00
Til dato
7. juni
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Vaksdal Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Vaksdal Turlag treng fleire turleiarar og inviterer til grunnleggande turleiarkurs. Kurset er for deg som er interessert i turleiing og som ønsker å formidle turglede på turar i dei fantastiske fjellområda i kommunen vår.

Ambassadørkurs og grunnleggande turleiarkurs er dei to første modulane i DNT si turleiarutdanning. Etter endt kurs er du kvalifisert til å leie dagsturar i nærmiljøet. All innsats som turleiar skjer som frivillig arbeid. Alle som eventuelt vil vidare på sommarturleiarkurs må ha gjennomført ambassadørkurs og grunnleggande turleiarkurs først.

Kursplan

Torsdag 4. juni: Ambassadørkurs. 3 timar innføring i DNT og Bergen og Hordaland Turlag som organisasjon og grunnleggande innføring i kart og kompass. Kurset vert halde i klubbhuset på Vaksdal. Les meir om ambassadørkurset nedanfor. Dei som har ambassadørkurset frå før, treng ikkje delta på dette.

6.-7. juni: Grunnleggande turleiarkurs. Denne helga går for det meste utandørs i Vaksdalsfjella med start og avslutning i Herfindalen. Meir informasjon vil sendast til deltakarane etter påmelding.

Påmelding: Kurset er for medlemmar av Vaksdal Turlag, og er gratis for desse mot at ein tar på seg å leie minst fire turar for laget. Dersom du har ambassadørkurset frå før, skriv dette i kommentarfeltet ved påmelding.

Mat: Kvar deltakar må ta med det ein treng av mat og drikke begge dagane. Nærmare informasjon om dette kjem.


Utstyr: Alle må ta med kompass, blyant og papir i vanntett mappe. De får utdelt kart over området. Sjå i tilleggTurlaget si pakkeliste for sommersesongen. Alle må ha litt plass igjen i sekken til fellesutstyr.

Vilkår: Våre generelle vilkår, gjeld ved påmelding.

Aktuelle deltakarar vert kontakta før kurset og får tilsendt meir detaljert informasjon om programmet.

Opptakskrav modul 1, Ambassadørkurs:
Medlem i DNT. Dersom du ikkje er medlem kan du melde deg inn her.

Kursinnhold - DNT- Ambassadør
Hovudtema: Presentasjon av DNT og turleiarkurset
Varigheit: ca 3 timar
- Presentasjon av DNT som organisasjon. Strategi, mål og verdigrunnlag
- Organiseringa og det praktiske rundt eit turleiaroppdrag
- Korleis ta inn på hytte, rutiner og rettar på hyttene
- Friluftslivsloven og allemannsretten

Mål:
Etter endt kurs skal deltakarane ha:

God kunnskap om DNT og BHT sine mål og strategiar.
God kunnskap om DNT og BHT sine basisaktivitetar, ruter og hytter.
God kjennskap til friluftsloven og allemannsretten.
Kunnskap om DNT si turleiarutdanning
Kunnskap om presentasjonsteknikk og profileringsaktivitetar.

Anbefalte nettsider og litteratur for mer innsikt og kunnskap:
Bergen og Hordaland Turlag sin årsberetning
Bergen og Hordaland Turlag sine nettsider
Turistforeningen sine nettsider
Les mer om Lov om friluftslivet 
Les mer om allemannsretten.
Gjør deg kjent med turisforeningens turplanlegginsverktøy - UT.no
OPPTUR Hordaland - en flott turbok med noen av de fineste turene i Hordaland
OPPTUR Bergen - en flott turbok for Bergen
Turbok for Bergenshalvøyen

Opptakskrav modul 2, Grunnleggande turleiarkurs: 
Gjennomført ambassadørkurs og medlem i DNT.
Du må ha god og generell turerfaring fra tidlegare, samt eit ønske om å dele din turglede med andre.
Det er 16 års aldersgrense.

Kurset blir vurdert med bestått/ikkje bestått.

Vi tilbyr også 15 timars kurs i førstehjelp med instruktør frå Arna og Åsane Røde Kors. Undervisninga foregår i lokala til Røde Kors i Åsane, kl. 10 - 18 laurdag og søndag. Dette kurset er ikkje obligatorisk, men anbefalast sterkt. 

Etter endt kurs skal deltakarane ha:

-  God praktisk og teoretisk kunnskap om turleiing
-  God generell turkunnskap
-  God kunnskap om turutstyr, turbeklede og mat/drikke på tur
-  Grunnleggande orienteringsferdigheiter
-  Grunnleggande fyrstehjelpskunnskap

Grunnleggande turleiarkurs

Vaksdal Turlag treng fleire turleiarar og inviterer til grunnleggande turleiarkurs. Kurset er for deg som er interessert i turleiing og som ønsker å formidle turglede på turar i dei fantastiske fjellområda i ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Elizabeth Gjessing
  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen