Merking av stiar

Refleksmerking
Refleksmerking

Det store dugnadsarbeidet med å gjere fjella våre meir framkommeleg for alle er i gang.

I dag, torsdag 28.juni er den første ladninga med merkestolper og merkerør m/refleks laga.

Det er foreløpig berre meldt inn 2 "merkelag", men det er ein start god som nokon annan.
Planen er at Nordafjellet mot Krokavatnet skal merkast på lørdag, og Fosse - Dystingen skal merkast på søndag.

Her er lista over dei turane som me først og fremst vil retta fokus på.

- Me planlegg/sett opp små «merkelag» på ca 3-5 personer, der minst ein person må fungera som kjentmann slik at me sett merka på rett plass
- Stiane (Prioritert) me tar for oss no i første omgang er desse: 
o Dale – Krokavatnet – Nordalen (1)
o Krokavatnet – Hestafjellet – Hellestræ (2)
o Dalegården – Helle (Kyrarekkje) (3)
o Vatnastølen – Fossdalen – Fossmark (4)
o Dale – Sollibakken og Flaskå (5)
o Fosse – Dystingen (6)
o Dale – Beitelen (7)
o Hellestræ – Storafjellet (8)
o
o Boge- Blåfjellet (1)
o Herfindalen – Bjørsnipa – Sædalshesten – Knusken (2)
o Jamne – Såta – Grånipa – Fossdalen (3)
o Vaksdal – Blåfjellet (4)
o Vaksdal – Tjødnhaugen – Gløvre (5)

Me tar imot innspel med takk, der er fortsatt mange perler der ute som er skjult for dei fleste.
Dersom du kunne tenkt deg å bidra i merke-og-rydde-arbeidet tar du kontakt med Roger eller Arild i turlaget.

Raudmåling av merkestolper
Raudmåling av merkestolper
fokusert og med stø hand
fokusert og med stø hand

Skrevet av Arild Soltvedt 28. juni 2018